Lukk
Søkeresultat

Personvernerklæring

Innleiing
Me er opptekne av at du skal ha tillit til oss og korleis me handsamar dine personopplysningar. I denne personvernerklæringa forklara me difor kva informasjon me samlar inn, korleis denne informasjonen vert nytta, og korleis me tek omsyn til ditt personvern.

Personopplysningar er informasjon og opplysningar som kan knyttast til ein identifiserbar enkeltperson. Dette kan til dømes vere bilete, film, namn, kontaktinformasjon eller informasjon om interesser.

Bruk av personopplysningar må vere i henhald til personopplysningsloven. Me som er behandlingsansvarleg, vil sjå til at me nyttar personopplysningar om deg i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

Kva personopplysningar samlar me inn?
Avhengig av kva informasjon du gjev oss, korleis du nyttar våre nettsider, og kva tillatelsar du gjev oss, samlar me inn desse personopplysningane:

Opplysningar om deg: Dette er informasjon du oppgjev når du opprettar ein brukarkonto på våre nettsider, som navn og e-postadresse.

Kommunikasjon: Informasjon du gjev oss når du er i kontakt med oss, som til dømes gjennom epost og kommunikasjon gjennom nettsidene.

Opplysningar om bruk av nettsidene: Statistikkinformasjon me får når du brukar nettsida, som kva slags enhet du nyttar (til dømes mobil eller PC), kva nettsider du vitjar på nettstaden og kva funksjonar du nyttar.

Kva nyttar me personopplysningene til?
Me nyttar opplysningane for å tilpasse nettsida til det tekniske utstyret du nyttar. Me kan vidare nytte opplysningane til å optimalisere innhaldet på våre nettsider til kva me trur våre brukarar har mest nytte av.

Dersom du opprettar ein brukarkonto, nyttar me informasjonen du oppgjev til å identifisere deg som brukar. Dette gjev deg tilgang til å publisere innhald på nettsidene våre slik at du kan bidra til å skape eit best mogeleg innhald på desse nettsidene.

Me utarbeider statistikk for å forbetre og vidareutvikle våre nettsider. Så langt det er mogleg vert dette gjort basert på anonymiserte opplysningar, utan at me veit at informasjonen er knytta spesifikt til deg.

Kven deler me personopplysningar med?
Vår IT-leverandør Arego AS som leverer teknisk drift av nettsidene har same tilgang som oss til dine personopplysningar. Vidare har tredjepart som Facebook og Google tilgang til den informasjonen du oppgjev gjennom deira verkty. Dine personopplysningar vert ikkje formidla vidare til tredjepart, og vert ikkje nytta til andre føremål enn det fastlagte føremålet.

Kor lenge lagrar me personopplysningar?
Me lagrar opplysningar kun så lenge det er naudsynt for å oppnå det formålet dei vart innhenta for. Opplysningane vert sletta eller anonymisert når dei ikkje lenger er naudsynte for å oppnå føremålet dei vart samla inn for.

Opplysningar om bruk på nettsidene: Me lagrer informasjon om din bruk av våre nettsider i opptil 6 månader.

Dine rettigheter
Du kan ha rett til å be oss å:

  • Gje deg ytterligare informasjon om korleis me handsamar dine personopplysningar.
  • Gje deg ein kopi av personopplysningane om deg.
  • Oppdatere dine personopplysningar.
  • Slette opplysningar som me ikkje lengre har grunnlag til å oppbevare.
  • Begrense eller stoppe handsaming av dine opplysningar.
  • Gje deg opplysningar du har gitt til oss i ein strukturert, alminneleg anvendt og eit maskinlesbart format.
  • Trekke attende eventuelle samtykkjer du har gjeve oss.

Om du meiner me handsamar dine personopplysningar i strid med personopplysningsloven, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, vil me gjerne at du tek kontakt med oss slik at me kan svare på dine spørsmål og/eller oppklare eventuelle misforståingar.


Cookies
Me nyttar cookies på våre nettsider for å sikre funksjonalitet, analysere trafikk og sjå kva områder du vitjar på vår nettstad du har besøkt.

Endringar i personvernerklæringa
Me vil kunne oppdatere personvernerklæringa frå tid til anna. Du vil alltid finne siste versjon av personvernerklæringa på våre nettsider på www.kvaerner100.no.

Kontaktinformasjon
Ynskjer du å kome i kontakt med oss vedrørande handsaming av personopplysningar på desse nettsidene, kan du nytte følgjande kontaktinformasjon:

Kontaktperson: Lars Melkevik
E-postadresse: lars.melkevik@kvaerner.com