Lukk
Søkeresultat

Om prosjektet

I tilknyting med at Kværner sitt verft på Stord fyller 100 år i 2019, har Kværner gjort ein jobb med å samla, systematisera og gjera tilgjengeleg verksemda si historie. Etter 100 års drift sit verksemda på omfattande historisk dokumentasjon frå aktiviteten på Kjøtteinen.

Ein stor del av materialet er digitalisering av arbeid som verksemda si eiga historiegruppe har tatt vare på opp gjennom tida. I tillegg inviterer nettløysinga publikum til å bidra med film, tekst og bilete dei måtte ha som kan bidra til å kasta lys over historia til verftet på Stord

Nettløysinga består av fire hovuddelar:

1. Ei tidsline kor Kværner har lagt ut informasjon om sentrale hendingar i historia, og kor publikum kan bidra med sine tekstar, bilete eller filmar frå verksemda, anten det er faktaopplysinga eller opplevingar og anekdotar som ein ønskjer å dela.

2. 100 år – 100 intervju, som er eit ambisiøst filmprosjekt kor 100 personar som jobbar, har jobba eller på anna vis har hatt ei tilknyting til verftet blir intervjua. Filmsnuttane vil bli gjort tilgjengeleg ein og ein gjennom heile jubileumsåret, og vil vera tilgjengeleg på denne nettløysinga etter kvart som dei blir publisert.

3. Systemposten digitalisert og søkbar. Bedriftspublikasjonen har kome ut kvart år sidan 1945, og gir eit godt innblikk i kva som har gått føre seg i verksemda opp gjennom tida. Alle utgåver er digitalisert og gjort tilgjengeleg i denne nettløysinga.

4. Andre historiske kjelder. Det har blitt utgitt mange bøker, hefter og andre publikasjonar som er samla saman, digitalisert og gjort tilgjengeleg i denne nettløysinga.



Både som sildoljefabrikk, skipsverft og leverandør av offshore-installasjonar har verftet på Stord vore ein toneangivande aktør i næringa, og representerer soleis eit stykke industrihistorie som det er verdt å ta vare på, og som seier noko om kven me som jobbar i denne verksemd er, kvar me kjem frå og kvar me høyrer heime både i lokalsamfunnet og det norske industrilandskapet.

Denne nettløysinga er eit bidrag til å ta vare på denne industrihistoria, og er ein del av markeringa av verftet på Stord sitt 100-årsjubileum.



Kontaktinformasjon:
kvaerner100@kvaerner.com